Nettstaden inneheld arkivplan for Vang kommune. Arkivplanen er under utarbeiding, og er difor ikkje komplett. Formålet med arkivplan Alle offentlige organ er etter forskrift om offentlig arkiv av 11. desember 1998, §2-2 pålagt å ha ei arkivplan. Formålet med arkivplanen er å sikre arkiv som har kulturelt eller forskningsmessig verdi eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, slik at desse kan bli tatt vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida. Planen er og eit reidskap for å dokumentere og kvalitetssikre den interne arkivforvaltninga, og eit reidskap for å halde oversikt og korleis arkivet er bygd opp, innhaldet og kor det fysisk er plassert i organisasjonen. Arkivplanen skal ajourførast ein gong i året |